Doggerland

375,00 SEK   free shipping   
Intenst kammerspel om ein familie og eit forlag på randa av kollaps. I den mektige Høst-familien har forlagsverksemd vore livsgrunnlaget i generasjonar. No er det tid for eit skifte: Matriark og forleggar Myrna Høst nærmar seg pensjonsalder, og dei to barna hennar – den litterært gåverike Filip og den økonomisk orienterte Henny – posisjonerer seg begge for å ta over. Men når Myrna kallar inn familien til strategisamling på ei isolert øy i havgapet, er det ikkje berre framtida til forlaget som skal avgjerast. I utkanten av maktkampen står Edda. Ho er redaktør og gift med Filip - og meir innvoven i familieløyndomane enn nokon anar. Når det dukkar opp eit manuskript som trugar med å avsløre alt, er det duka for eit klaustrofobisk oppgjer mellom generasjonar, mellom litterære ideal og kommersiell overleving, og mellom løgn og sanning.  Korleis kan Edda bevare løyndomen sin når både forlaget og hennar eiga framtid står på spel? I denne skarpe og intense romanen utforskar Ravatn korleis makt, arv og løgner spelar seg ut i ei tid der sjølve eksistensen av litteraturen er truga. Doggerland er eit intenst kammerspel  om ein familie og eit forlag på randa av kollaps.Terningkast 6!"Succession" på isolert vestlandsøy ... Agnes Ravatn balanserer leken satire med eksistensielt alvor der både kjernefamilien og litteraturens fremtid står på spill.- Bergens TidendeTerningkast 5! «Fortellingen om den usikre fremtiden til forlaget Høst er gjenkjennelig, svært underholdende og intens så det holder.»- BOK 365Terningkast 5! «Skrekkelig og gøy! ... Det er bare å hente pleddet og bunkre seg ned med en av høstens skarpeste familiefeider! ... Ravatn [klarer] å holde på spenningen helt til bokens siste side. Jeg raste gjennom boka, med lik mengde gisping og latter»- VG«... få skriver så godt som henne, få er så overraskende og nådeløst presise i sine observasjoner, få skriver så morsomt.»- Adresseavisen ...
Other options available on the web
Sold by Item price Delivery Total price  
Cdon.com 375,00 SEK free shipping 375,00 SEK